07/05/2005

Geiteferie!

I helga har eg og Ragnhild vore på ei seter på ein avsidesliggjande stad der ei venninne jobbar som budeie saman med systera. Det var gøy:) Utrulig kjekt å treffe ho igjen! Vi fekk vere med i fjøsen og mjølke geiter, oppleve vakker vestlandsnatur og slappe av. Sola skein frå ein blå himmel, og landskapet var nesten til å ete opp (eit uttrykk frå Irene sin munn). Fjorden og dei høge fjella osa av nasjonalromantikk. Den einaste nedturen var at budeia tråkka over og forstua foten på veg ned frå ein fjelltur, slik at ho måtte ein tur på legevakta, der ho fekk beskjed om at ho ikkje kunne jobbe på nokre dagar... Men det positive var at då kunne ho sitte på med Ragnhild og meg heim der ho bur, sidan vi skulle den vegen på tilbaketuren. Og då fekk vi jo tilbringe litt meir tid saman:)

06/28/2005

Livet

Et liv måles i år, men styres av øyeblikk. (Undertittel til den svenske filmen Tic Tac.)

06/27/2005

Hjelp...

Ein ny bloggar har entra bana. Foreløpig har eg ikkje så mykje på sida, men det skalbli betre. Må berre setje meg litt inn i korleis ting fungerer først.

Previous 1 2 3 4 5 6 7 8 9