09/01/2005

Lang dag i vente...

Ny dag, nye muligheter... Labøvng, kollokvie, oppgåver, lesing. Og kanskje litt til. Gleder meg til å sette i gang.

08/30/2005

Mi venninne Alette

For nesten nøyaktig eitt år sidan, onsdag den 1. september 2004, låg det ein lapp på plassen min i auditorum 1 (der vi hadde matteforelsesningar) då eg kom inn frå pausen.  Eg vart ganske forundra då eg las kva som stod på denne lappen, skrive med raud penn på eit ark rive ut frå ei rutearkbok. "Han skal gi sine engler befalling om å bevare deg på alle dine veier," stod det. Det var salme 91.11. Kva tyda dette? Ein ukjend person x ligg ein lapp med eit bibelvers på plassen min under ei matteforelsening... Sjølv om eg ikkje heilt forstod kvifor eller kven det var som hadde skrive dette, vart eg glad. Gud såg meg der eg sat og kjende meg litt åleine i verda.  

Etter ei stund, var det ei som tok kontakt med meg i kantina på studentsensteret etter ei ex phil forelesning. Ho spurte om eg var kristen. Eg svara ja, og sånn byrja vi å prate. Ho fortalte meg om bønnemøta på realfagsbygget og inviterete meg med i cellegruppa si. Etter kvart forstod eg at det var ho som hadde skrive den mystiske lappen. Denne personen var Alette, som eg no har blitt god venn med. Og eg er utruleg takksam for at ho la den lappen på plassen min og at ho turde å ta kontakt med meg den gongen!

Alette sin versjon av historia kan lesast på www.ekkoekko.modblog.com

08/18/2005

Fadderveke....

Nye studentar i byen, folk går rundt i flokkar. Saueflokkar. Og alt er berre stress. Særlig når ein skal halde styr på alt. Gler meg til ting normaliserar seg.

07/27/2005

U2 konsert i kveld... Utan meg

Skulle gjerne vore i Oslo i kveld... Tenk å oppleve U2 in consert. Men eg har hatt ein strålande fin kveld, sjølv om eg ikkje ikkje såg og høyrte Bono og dei andre live. Grilla med venner og hørte på U2 i bakgrunnen:) Medan det tikka inn meldingar frå ein som var der det skjedde... jaja. Veddar på at solnedgangen var flottare her enn i Oslo.

07/22/2005

SuDoku

SoDuko eller so duko. Du har sikkert fått det med deg. Dette talkryssordet som herjar i avisene om dagen, der poenget er å fylle et rutenett med tala frå 1 til 9 vassrett og loddrett i kvar rad og inni kvar 3x3 boks, utan at det same talet er brukt to gonger. Og det beste er at det ikkje er matte, berre rein logikk. Kan du tala 1-9 og brukar eliminasjonsmetoden, klarar du det heilt fint.

Til å byrje med syntes eg det heile verka noko tåpeleg, og forsto ikkje kvifor i all verda dette var så gjevande. Men eg måtte sjølvsagt teste det... Og vart heilt hekta! Utuleg kor vanedannande dette uskuldige spelet er. Det er kan vere litt av eit puslespel å få tala til å stemme, særleg når du kjem mot slutten. Plutseleg er det noko som ikkje stemmer, og du må nøste deg heilt attende til der feilen oppstod. Og du kan ikkje gje deg før det heile stemmer.

Lurer på om dette berre er eit sommarfenomen, eller om denne trenden kjem til å vare ved. Blir folk lei tal etter ei stund? Ikkje godt å vite. Iallefall er det eit fint tidsfordriv no i desse late dagane, og fint fyllstoff i avisene, som både har bretta og bakgrunnstoff om dette spelet som stammar frå Japan etter det eg har forstått. Ordet So Duko kjem frå japansk og tyder noko i retningen " tal som står åleine".

Sjekk ut:

 http://www.online.no/underholdning/20052807-sudoku.html

http://aftenbladet.no/quiz/sudoku/

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1071631.ece

 

Snart ut på tur!

Endelig er det ferie! Og i dag skal eg og mi kjære syster reise på campingtur. Ekte campingtur med telt og sovepose. Det skal bli kjekt! Håper på sol og skyfri himmel. Ikkje så kjekt å telte viss himmelen opnar slusene... Då kan det bli litt utrivelig. Men sola skin foreløpig, og forhåpentlegvis resten av helga. Hurra!

 

07/10/2005

I lystig lag

Kvifor le når du kan gråta? Neida. Eg berre spøker. Ingen har nokonsinne skulda meg for å vere trøysam.

07/08/2005

Akk...

Shall I compare thee to a summer's day?
Thou art more lovely and more temperate.
Rough winds do shake the darling buds of May,
And summer's lease hath all too short a date.
Sometime too hot the eye of heaven shines,
And often is his gold complexion dimmed;
And every fair from fair sometime declines,
By chance, or nature's changing course untrimmed.
But thy eternal summer shall not fade
Nor lose possession of that fair thou ow'st;
Nor shall death brag thou wand'rest in his shade,
When in eternal lines to time thou grow'st,
So long as men can breathe or eyes can see,
So long lives this, and this gives life to thee.

 

(sonnet 18, William Shakespeare)

 

 

Helsefarleg arbeid

Det er ikkje berre berre å arbeide i slåtten. Biletet viser etiketten på ei "syrekanne", ensileringsmidlet ein blandar i graset som skal bli til godt silofôr for kyrne til kalde vinterdagar. Skumle saker....

 

 

Her ser du kor langt ned det er i siloen, sjølv om det allereie er kome om lag ein og ein halv meter gras. Vi må ha stige for å komme ned og opp.

Siloarbeid er farleg... Men eg har no klart meg fint. Trur eg har stått i siloen kvar sommar dei siste 10 åra, utan at det har skjedd nokre ulukker.

07/05/2005

Venner er godt å ha...

Fekk ei lita bok hjå ei venninne til bursdagen min. Der fann eg eit fint sitat av Johann Wolfgang von Goethe:

 "Verden er merkelig tom så lenge vi bare tenker den som fjell, elver og byer. Men å vite om at det her og der finnes noen som samstemmer med oss og som vi også kan tie sammen med, det er det som gjør jorden til en bebodd hage for oss."

Det er godt å vite at det fins nokon der ute i verda som ein kan kjenne fellesskap med. Gode venner er verkeleg ei gåve frå Gud. A true friend is the gift of God, and He only who made hearts can unite them.