11/24/2005
Djupt
Ein djup fyr såg den djupare meininga med Molekyl Orbitalteori innlegget mitt... Viser til tidlegare post.
15:15 Permalink | Comments (2) | Email this
11/23/2005
Alfabetet
Dette konseptet er eigentleg "stelt" frå Ragnhild. Men opplysningane gjeld meg.
A: Anja Garbarek. Lagar fin musikk.
B: "Bridge over troubled water"
C: Gjennomsnittlig karakter. Speglar mine matematikkunskapar.
D: Distrè. Gløymer dei utrulegaste ting på dei utulegaste stader. Går ofte i mi eiga verd.
E: Eigentleg er eg ein elefant
F: Forstår meg ikkje på folk.
G: Girls keep secrets in the strangest ways.... Girls don't talk. We just sometimes have to say. (Epehmera)
H: Hmm...
I: Is- slottet. Særemnet mitt på vidaregåande baserte seg på denne boka av Tarjei Vesaas. Vil du ha ei tolking, kan eg gje deg mange.
J: Jesus er ein kul fyr
K: Kjemi.
L: Liten. Rager 159 cm over bakken.
M: Muntlig Dyslektikar
N: November er ein rar månad
O: Ofseleg glad i sjokolade
P: Periodesystemet opptar ein stor del av veggen min.
Q: Quis er gøy.
R: Rødmer ofte utan grunn. Plagsomt altså!
S: Sjokolade. Nam!!!
T: Trust. Ein film av regissøren Hal Hartley som er verd å sjå.
U: Ute av jamvekt
V: Vindrankar
W: When you wish upon a star.... Eg gler meg til jola
X: Ukjend variabel. Kan vere kva som helst. Eller kven som helst.
Y: I slekt med den forrige
Z: Z er ein dum bokstav
Æ: Ærlig. Av og til.
Ø: Øl er ikkje spesielt godt. Æsj
Å: Å er ein fin bokstav. Ein A med runding over. Eg likar Å.
16:20 Permalink | Comments (2) | Email this
No more PHYS110 this semester!
I går melde eg meg av eksamen i fysikkfaget mitt... Ergo har eg ein eksamen mindre å tenke på. Angrar eg avgjerda? Nei. Men skal nok ta faget om igjen neste haust. Då blir nok alt så meget bedre.
November er forresten ein månad som berre forsvinn. Kvar vert tida av?? Eg berre undrar.
Eg lurer også veldig på korleis eg skal få tid til julegåvehandling... Siste eksamen er den 22. desember... Synes det er litt gale.
15:55 Permalink | Comments (0) | Email this
11/19/2005
"Sleep" by Anja Garbarek
"And it is so strange
with these eyes into darkness
and it is so strange
all they want to do is sleep
and it is so strange
they want to sleep through silence
and it is so strange
cos I am wide awake
and it is so strange
how all this could be over
if you would walk in
if you put me to rest
and it is so strange
that my voice seems to´ve gone quiet
and even stranger still
that I never will be found
all I want to do
is to drift away
hush-a-bye baby
all I want to do is to go to sleep"
20:30 Permalink | Comments (0) | Email this
11/04/2005
Heima!
Akkurat no er eg heime ein tur. Tenkte rett og slett eg skulle ta meg litt fri, så reiste heim i dag klokka halv to. Har ikkje dårleig samvit for at burde jobba med skulearbeid. Igår sat eg ørten timar framfor pcen og jobba med prosjektoppgåva i kjemi. Skikkelig lei av orda hydrogen, framtid, energibærar, brenselceller, miljø, fornybare energikjelder, infrastruktur...
I kveld var eg faktisk i svømmebassenget med Solfrid. Heilt fantastisk deilig å kjenne dei stive ledda og knytta musklane bli mjuka. Skulle gjerne gått i bassenget litt oftare.
23:25 Permalink | Comments (0) | Email this
10/31/2005
Av og til stoppar hjernen å fungere
Nokon gonger føles det berre som om alt er heilt svart inne i hovudet. Lyspæra er skrudd av. Sånn føles det av og til på forelesningar.
11:35 Permalink | Comments (0) | Email this
10/26/2005
Litt av kvart
- Bananer inneheld kalium i likhet med kaffi
- Eg savner sjalet mitt
- Det er kaldt på realfagsbygget
- Kommunikasjon er eit vanskelig ord
- Ting tar tid
10:30 Permalink | Comments (2) | Email this
10/21/2005
Poenget med tomatketsjup- vitsen
Tomatvitsen. Den kan alle, men ikkje alle har heilt fått med seg poenget... Dette var også tilfelle for meg, heilt til for ei lita stund sidan. For dei som då ikkje har skjønt det, her kjem vitsen med forklaring:
"To tomatar gjekk over ein veg. så vart den eine overkjørt. Då sa den andre: Kom an, catch up! (ketsjup...)"
So sånn va da.
14:10 Permalink | Comments (2) | Email this
10/17/2005
Nettopp ferdig...
... med midtsemsestereksamen i miljøkjemi! Ganske teit eksamen egentlig. Forstår ikkje heilt vitsen med sånne fleirvalsprøver der du ikkje får vist kva du har tenkt for å komme fram til svaret. Du kan ha tenkt heilt rett og rekna rett, men så er du så uheldig og puttar inn eit litt galt tal, så er du heilt på jordet og får -1/4 poeng. Og dei fleste av dei 16 oppgåvene var ganske urelevante for det eg meiner er sentralt i pensum. Men sånn er livet. Denne eksamen tel berre 20 prosent uansett. Får heller prøve å gjere det litt betre til jul!
13:55 Permalink | Comments (2) | Email this
09/15/2005
Molekyl Orbitalteori
Dette semesteret har eg eit fag som heiter Grunnstoffenes kjemi- en innføring i uorganisk kjemi. Vi har ei stor fin bok med bilete av det fantastisk flotte periodesystemet på framsida. Her lærer vi mykje interessant, til dømes om korleis atoma bind seg saman til molekyl. Dette er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Kring den positive kjernen til atoma svirrar som kjend dei negativt ladde elektrona. Elektrona befinn seg i noko som heiter orbital. Kvart av atomorbitala har berre plass til to elektron, og desse må ha motsatt spinn (opp eller ned). Når to atom går saman for å danne eit molekyl, dannar atomorbitala like mange molekylorbital, nokre er bindande og andre anti- bindande. Så blir desse fylt opp med elektron, først i dei bindande, så i dei antibindande orbitalane. Det vanskelige er når energinivåa mellom desse orbitalande byrar å overlappe kvarandre, og det plutselig blir ikkje- bindande orbitalar (som er noko anna enn antibindande) og ein skal teikne fancy diagram over dette. Det blir masse strekar hit og dit på kryss og tvers. Veldig fint.
17:20 Permalink | Comments (1) | Email this

