01/17/2006
Tilbake
Etter ein lang og velfortent ferie er eg no tilbake på skulebenken. Eg kjenner det formeleg brusar i blodet når eg tenkjer på å opne dei nye bøkene mine. Dei osar av kunnskap som skal sige inn i løpet av det kommande semesteret. Lineær algebra, molekylærbiologi og organisk syntese & analyse. Fabelaktig!
16:15 Permalink | Comments (3) | Email this
12/31/2005
Skøyter:)

Eg , Solfrid og Marit var i Knarvik i går kveld for å teste ut skøytebana. Skikkelig gøy altså! Lenge sidan sist eg gjekk på skøyter...
Her ser du meg og Marit.

GODT NYTT ÅR!!!!!!!!
23:20 Permalink | Comments (1) | Email this
12/27/2005
Wergeland, Kant og Birkeland
I kveld når ljoset av myriandar av endelaust fjerne soler fram til vår vesle jord. Og partiklar frå sola blir slyngd inn i atmosfæren og lagar eit dansande fargespel på det mørke lerretet. Grøne band flyt mellom dei blenkjande ljosa langt der ute.
Og her nede står vi, små menneskebarn, her nede på denne vesle planeten. Og vi lyfter augo. I undring. Over dette mektige skaparverket, som er så stort at vi ikkje klarar fange det. Likevel viser Meisteren oss inn i nokre av sine løyndommar. Om enn berre stykkevis og delt.
23:50 Permalink | Comments (6) | Email this
12/23/2005
Kva er det som skjer????
Eg fekk A på miljøkjemi!!!!!!!!!! Trur det har klikka for sensor. Heilt fullstendig.
15:45 Permalink | Comments (3) | Email this
12/17/2005
Lørdagskveld på byen
Vart lei av å sitte inne og glo i boka mi, så gjekk på internettkafe i staden... På mandag er det eksamen. Hjelp....
21:10 Permalink | Comments (0) | Email this
12/16/2005
snø og snart eksamen
Hjernen min kjennes som teflon. Ingenting sit fast, det berre prellar av. Eg kan lese ein setning, for så å ha gløymt kva det var eg las to sekund etterpå. Informasjonen blir rett og slett ikkje lagra. Lurer på om eg lir av hukommelsestap. Men det er jo litt rart at det berre gjeld pensum. Hugsar ein masse andre ting. Ting eg ikkje burde gå rundt å hugse på. Håper det siv inn litt i dag. Eksamen på mandag og på torsdag. Gler meg til jul!
Og no snør det! Hurra!
11:20 Permalink | Comments (2) | Email this
12/06/2005
Mamma mia!
For ein start på dagen. Stod opp tidlegare enn vanleg (kl 0800), av ein eller annan grunn, og merka at lyset på gangen var skrudd av. Tenkte at det var litt rart ettersom Ragnhild sikkert hadde tatt på lyset (og ikkje skrudd det av igjen) før ho reiste. Ho skulle nemleg ha siste eksamen idag, og måtte ta bussen nede frå hovudvegen litt før åtte. Brått slo det meg at Ragnhild sikkert hadde forsove seg. Eg banka på døra, ingen svar, eg opna og såg at der låg ho. Eg vekte henne og fekk febrilsk fram at ho måtte skunde seg å stå opp. Ikkje tid til somling, her! Eg ringte til drosje og ba intenst om at Ragnhild måtte rekke fram i tide. No var klokka kvart over åtte, og so måtte innfinne seg i eksamenslokalet seinast klokka kvart på ni. Dama på drosjesentralen sa det var ventetid på drosje i sandviksområdet og at det sikkert kom til å ta litt tid før det kom ein bil. Masa om at Ragnhild måtte skunde seg på badet og laga niste imens. Etter ca ti min var drosjen på plass, og etter litt styr med å finne lommebok, nøklar og kulepenn var ho klar til å springe ned trappa og ut til den ventande drosja.
Og heldigvis. Det gjekk bra. Ho kom fram i tide.
18:00 Permalink | Comments (6) | Email this
12/02/2005
Se min kjole...
Eg har kjøpt ny kjole i dag. Den er ganske fin. Men eit par nanometer ekstra i linninga hadde ikkje gjort noko... Dei hadde nemleg ikkje akkurat min storleik, så eg måtte lure opp glidelåsen... Lurer på om eg overlever eit heilt juleselskap med masse gode kaker:)
20:10 Permalink | Comments (2) | Email this
11/30/2005
Bilder frå praktisk eksamen
Forelesaren vår gjekk rundt og tok bilder av oss under eksamen... Ein smule irriterande, men det er jo morsomt å sjå på i ettertid. Særlig med tanke på kor dårleg det gjekk. Her ser du meg og resten av gjengen i aksjon:




00:45 Permalink | Comments (10) | Email this
11/25/2005
Silence run deep
"Still water run deep"
"Speech is silver, silence is gold"
"Run silent, run deep"
Er det sant?
20:20 Permalink | Comments (1) | Email this

