03/04/2006
Kort novelle eg skreiv for mange år sidan...
Oppdraget
Snart tek klokkene til å ringje. Det er søndag. Frå vindauget ser han ei ung kvinne. Andletet hennar glødar. Stega er lette og trippande. Ho kjem no. Det er ikkje for seint. Alt er klart.
Bak gardina er det mørkt. Eit stearinlys blafrar einsamt. Vindauget er visst ikkje teken godt nok att. Uformelege skuggar dansar i rommet, over dei lafta veggane med dei gamle fotografia, pent innramma. Auger som ser, menneske som har levd.
No er det hans tur. Ventetida er snart omme. Han har førebudd seg godt. Alt er nøye planlagd. Ingenting må gå gale. Det kan ikkje feile. – Alt skal gjerast etter boka. Han kan ikkje svikte dei gamle. Det er for stort til det.
Golvplankane knirkar. Huset er gamalt. Det kviskrar i veggane. Han går ein runde i rommet, ser opp mot dei stirrande augene. Det stikk i han. Det er tolv par. Det trettande gjenstår.
På bordet har han lagt fram alt det han treng for å utføre oppdraget. Den vesle, men mektige metallgjenstanden glimrar i det gule lyset. Ved sida ligg den store, tunge boka innbunde i brunt lammeskinn. Boka, som inneheld krafta til all visdom, skal rettleia han. Hjartet bankar kraftig. Han går gjennom det heile ein siste gong. Filmen rullar sakte i hovudet. Kvar minste detalj må sitje som eit skot. Han lyftar blikket – høgt over bileta denne gongen.
Utanfor kjem skritta stadig nærare. Det er klart. Sveitten piplar frå panna. Det er for seint å snu no. Han kan ikkje gå attende på det han har sett seg føre. Det må skje no. Han blar opp i den store boka. – orda gjev styrke og mot.
Brått går døra opp. Ho kjem inn. Solstrålane siv inn gjennom døropninga. Den kvite duken lyser i mot han, tida er komen. I same augneblink ringjer klokkene. Han faldar hendene. Lukker augene før blikket treff henne. Ho smiler.
”Har du venta lenge?”
”Ja,” seier han, og ser på ringen.
19:35 Permalink | Comments (1) | Email this
03/03/2006
laster
kvifor valde eg ikkje transisjonsmetalla sin kjemi?
18:15 Permalink | Comments (4) | Email this
02/22/2006
Trygve er tilbake:)
Trygve er tilbake i persenbakken og linksys er snill. Og eg kan utnytte mogelegheitane...
Sidan sist har det skjedd litt av kvart. Eg har kome inn på gå ut senteret, betalt påmeldingsgebyr og fått innvilga permisjon frå UiB. Så no blir det stk-linja på gus til hausten! Mest sannsynleg skal eg reise til Bangladesh. Gler meg kjempemasse!!
22:08 Permalink | Comments (6) | Email this
02/15/2006
(valentines day)
I dag har eg sett ein bil fullstappa av blomsterbukettar. Ein god dag for blomsterhandlarane på torget og konfektbutikken på Galleriet. Men kva er eigentleg poenget? Forstår ikkje heilt vitsen med slike dagar. Morsdag, farsdag, Valentinsdag. Er det ikkje nok å hugse på bursdagen til dei ein er glad i? Er det verkeleg naudsynt med alle desse markeringane? Eller er det berre eg som seier dette fordi eg ikkje har ein valentin?
00:24 Permalink | Comments (11) | Email this
02/09/2006
stjerneskinn
I kveld er himmelen skyfri, månen reflekterer solstrålane på dei mørke taksteinane. Merkeleg korleis alt heng saman. Alltid ein samanheng. Det vesle i noko større. Livet og æva. Og det står eit navn i dagane.
22:50 Permalink | Comments (9) | Email this
02/06/2006
Random coil
held eg på å bli gal?
av og til byrjar eg å lure.
har vondt i hovudet.
kanskje berre ein reaksjon. i dag brukte eg store delar av hjernekapasiten på å gruble ut kva sang ein spesiell trommesekvens er i, og på å komme på ord som likviditet og ioniseringsenergi. i tillegg prøvde eg å lære matte og molekylærbiologi.
vart forresten skuffa når eg klarte å komme på kva sang det var. - wake me up when september ends, green day. av alle ting.
19:15 Permalink | Comments (3) | Email this
01/30/2006
Lalalala

Men ingen sörjer när du dör, ingen ska sakna det du gör, ingen vill veta var du
köpt din tröja.
Och fast du gjort allt som man ska, du är artig, du är glad, och du har tränat
bort din dumma dialekt.
18:56 Permalink | Comments (6) | Email this
01/23/2006
Paper Jam
Er det ikkje typisk? Kvar gong du skal ha ei viktig utskrift, bestemmer den dumme skrivaren seg for å krølle saman arka som ligg inni. Den bestemmer seg rett og slett for å vere litt slem. Dusteting.
Ei anna kjelde til irritasjon, er folk som aldri greier å hente utskriftene sine, berre let dei ligge der. Som om ein har daua i frå dei. Av ein eller annan merkeleg grunn er det som oftast biologiutskrifter som ligg og sleng på faklaben (les: datasalen). Kva er det med desse biologane? Har dei ikkje forstått samanhengen mellom sløsing med papir, avskoging og øydelegging økosystem? På slike uavhenta stensilar kan ein til dømes lese:
"Nakketann dannes hos unge stadier av vannloppen daphnia pulex, dersom vannloppen oppfatter kjemiske signaler fra predatoren Chaborus (svevemygg). "
Hallo???
17:20 Permalink | Comments (3) | Email this
01/21/2006
Johannes
dersom eg får ein son skal han heite Johannes.
det tenkte eg då eg sat på bussen heim her ein dag.
namnet har ein slik klang i seg.
j o h a n n e s
i dag fann eg ut kva namnet tyder:
Johannes, mannsnavn, gr. form Ioánnes av hebr. Johanan, "Gud er nådig".
00:45 Permalink | Comments (23) | Email this
01/18/2006
Hei, mitt navn er (...)
..., og eg ringer frå Norstat. For tida har vi ei undersøking om norske daglegvarekjeder. I den forbindelse vil eg gjerne snakke med den yngste mannen i husstanden som er 15 år eller eldre.
slik kan til dømes ei innleiing i min nye jobb høres ut. Sjølvsagt ikkje alle som blir likeglad når eg ringer, men då er det berre å beklage forstyrrelsen i ein høfleg tone. Og så er det jo heldigvis nokon som vil snakke med meg, og då er det å fyre laus med meir eller mindre interessantre spørsmål om til dømes kva du synes om utvalget av frukt og grønnsaker i ulike butikkar, om dei synes ICA burde oppfordre sine ansatte til å mosjonere meir, eller om kor fornøgd dei er med informasjonen om sunne matvarer (på ein skala frå 1-5) i ulike butikkjeder. Og alle er glade når bakgrunnsspørsmåla kjem, og eg får spørre om sivilstanden deira, og dei veit at snart seier eg takk for at du tok deg tid til å svare på spørsmåla, og ha ein fortsatt fin kveld!
23:40 Permalink | Comments (5) | Email this

