08/12/2006
My hands
My hands are strange
it doesn't feel like they're
mine anymore.
The tranformation occured
in silence.
Can i get them back
the way they
used to be
before?
Before everything
and nothing ever
happend
15:52 Permalink | Comments (0) | Email this
08/11/2006
Ny sveis:)
Eg har vore hjå monsterfrisør i Måløy og fått meg pannelugg... Frisørdama klaga på håret mitt og sa det var slitt og dårleg behandla. I tillegg lugga ho skikkelig når ho skulle gre det, og eg fekk det ikkje slik eg ville ha det. Men men. Lugg har eg iallefall fått.
13:01 Permalink | Comments (1) | Email this
08/01/2006
Wanted
18:00 Permalink | Comments (4) | Email this
Kva er eigentleg poenget?
Eg klarer ikkje seie det eg vil seie, viss eg i det heile teke vil seie noko som helst då. Eg berre sit og stirar i lufta. Stenger meg ute, kan ikkje komme inn. Ser på dette vesenet i spegelen og geipar. Kan ikkje tvinge fram eit lite smil heller. Det passar ikkje inn. Lyn ilar opp gjennom nakken, oppover mot panna. Magen er ikkje der den skal vere, fingrane er slappe. Håret står som ei svart sky kring andletet.
12:45 Permalink | Comments (0) | Email this
07/06/2006
I Paris:)
Befinn meg paa nettcafe i Paris, her er ikkje tqstqturet slik som heime, dette tek med andre ord litt tid... Trykker heile tida feil. Kvifor hqr dei skifta plass paa a og q? I dag har vi vore paa montmartre og sett Sacre - caer og gaat forbi moulin rouge. Det er varmt her og hotellet har ikkje air condition. I morgon blir det muligens eifeltaarnet. mm.
21:31 Permalink | Comments (2) | Email this
06/21/2006
Paris snart:)
No er det ferie og ingenting skjer. Kva skjer liksom? Ingenting skjer. Det er ingenting som skjer. Ingenting har skjedd. Ingenting kjem til å skje. Det er ingenting som kan skje… Eller kva? Jo! Snart skal eg og Ragnhild entre den store verdsbyen i Europa. I Paris kan ALT skje. O store Paris, here we come!
22:10 Permalink | Comments (1) | Email this
06/15/2006
ufullendt
ein dag når eg har veldig god tid og overskudd, skal eg skrive ein skikkelig post med litt meir substans enn dette. trur egentlig ikkje det er så mange som er så interessert i det som står her, men det får så vere. har vore på biblioteket i dag og lånt ein del bøker eg skal kose meg med i ferien. traff dessverre ikkje drømmemannen bak ei bokhylle i dag heller. det er det som er draumen, veit du. dumpe borti ein litt bleik fyr med auga retta i ei bok, utan å ense verda omkring. vi kolliderer, eg mister alle bøkene mine fordi han ikkje såg meg, så ser han meg der eg står og plukkar opp mellom bøkene, og blir dradd ut av boka si. kanskje ikkje. men uansett så var han ikkje på bergen offentlege bibliotek i dag.
23:03 Permalink | Comments (3) | Email this
06/14/2006
ein fin dag
i dag har eg hatt ein fin dag. her er nokre av grunnane til at eg har hatt ein fin dag: Eg er ferdig med eksamen og har berre nokre få dagar att å jobbe her i bergen. verda er full av fine folk. venner er fantastisk gode å ha. det gjekk strålande bra på eksamen til ein venn av meg, som trudde det hadde gått dårlig. dei fem timane på jobben gjekk fort og vi fekk sjokolade. så i dag har vore ein fin dag.
00:20 Permalink | Comments (1) | Email this
05/09/2006
?
Nothings gonna change my world?
Nei, eg vil at noko skal snu opp ned! Til det positive vel å merke.
Across the universe.
23:00 Permalink | Comments (1) | Email this
05/08/2006
Sommar!
Det er faktisk sommar ute! Sola strålar, gradestokken viser over 20 grader celsius, trea er grøne av nysprungent bladverk og fuglane kvitrar. Fantastisk deilig. Samtidig er det ein smule kjedelig at godveret kjem no i mai medan vi stakkars studentar må sitte inne på lesesalen med nasa godt planta i dei mistrøstige pensumbøkene. Men det er jo tross alt betre med sol og sommar no, heller enn aldri, med tanke på alt regnet vi veit kjem til å komme i løpet av ein gjennomsnittleg vestlandssommar. Vi får nyte det medan vi kan:) I dag tok eg ein velfortent pause frå matteoppgåvene og gjekk ned på 7 eleven på allèhjørnet og kjøpte meg deilig youghurtis! Nam nam...
20:33 Permalink | Comments (3) | Email this

