« Tilbake i Noreg | HomePage | ... »

05/10/2007

Eg har blitt tikka (eller kva det heiter)

Eg har blitt tikka av Alette. Det betyr at eg må skrive seks merkelege ting om meg sjølv. Og tikke seks andre. Og forklare reglane. Og legge igjen ein kommentar på vedkommande sin blogg om at dei er tikka, og henvisning til reglane. Desse har eg i praksis nettopp forklart. Så, her kjem dei seks "merkelege" tinga om dette individet kalla Hilde Marie:

1) Eg lagar rare "knirke"-lydar om natta (ifølge dei som har sove på samme rom som meg)

2) Eg legg merke til kva farge fine guttar har på skoa sine.

3) Då eg var liten tvang eg lillesøstra mi til å tråkke i doskåla og vandre rundt i huset... og til å tømme ut safta på kjøkkengolvet.

4) Eg er ukyssa

5) Eg fekk 2 på ein norskstil i tredje klasse på vidaregåande, men 6 på eksamen (begge:)

6) Eg blir ofte fortalt at eg er merkelig eller rar. Ein taxisjåfør i Dubai spurte meg om eg kunne snakke.

Eg tikkar

Malene

Beate

Silje

Steinar

Karianne

Johanna N

The comments are closed.