« 2006-10 | HomePage | 2007-02 »

01/31/2007

oppdagelsesferd i Kaukasus

I helga var eg, Malene og Magnus på tur til Sheki og omegn (nord i Aserbajdsjan). Det var ein artig tur! Vi vart stoppa av politiet i Balakan, då Magnus kjørte feil veg i ei einvegskjørt  gate, vi vart bedt inn på te hjå nokre lokale folk (utan å skjønne særleg mykje av det dei sa..), og fekk sjå ei kykje frå år 79. e kr. og mykje anna...

medium_PICT0081.JPGHer er eit bilete av meg og Malene som balanserer på murane av ein borg frå 1700 talet. "Gelersen Göräsen" (kom og sjå!) heiter byggverket som ligg oppe i ei fjellskråning utanfor landsbyen Kis. Fienden vart forresten skremd, og kom aldri... Heilt ufattelg korleis dei har klart å bygge noko slikt oppi der! Det var jammen bratt! Fabelaktig utsikt. Og på andre sida av fjella ligg Russland (Dagestan). Vi vart stoppa av militæret på veg opp, måtte vise pass og greier for å komme vidare. Sannsynlegvis var dei så strenge fordi vi var så nær grensa...

 

 

insomnia

det er 1. februar. klokka er 0.15 aserbajdsjansk tid. Eg får ikkje sove. har ikkje sove skikkelig på mange dagar. Difor tenkte eg eg kunne gjere alvor av truslane om å oppdatere bolggen min. som eg reknar med ingen levande sjel les...)

No har eg altså vore i aserbajdsjan i heile tre månader. Det er jammen rart korleis tida flyg avgarde. Merkar det skal bli godt å komme heim att til Noreg, men eg trives godt her. Livet går sin gang kvar enn ein befinn seg i verda har eg funne ut.

Kvardagen her nede består hovudsakleg i å jobbe på ein barneheim med ungar frå 0 til 4 år. Vi byrjar sånn ca klokka 9 kvar dag, og er der til ca 12.30. Vi leikar med ungane, har dei på fanget og gir dei omsorg og kjærleik. Det kan vere litt tungt å vere der, men samtidig gir det så utruleg mykje å sjå at ungane veks og utviklar seg.

medium_Aserbajdsjan_okt_-des_Hilde_Marie_133.jpgI jula hadde vi utdeling av gåver, mellom anna "karius og baktus" - bøker frå Noreg (oversett til aserbajdsjansk). Alle dei største ungane fekk kvar si bok, noko dei sette svært stor pris på.

 

 

 

I tilegg til å jobbe på barneheimen, er vi med i engeslkundervisninga på eit yrkesoplæringssenter for ungdom frå fattige familiar, vi har ein engelskklubb kvar onsdag og hjelper til i nokre gymtimar på den internasjonale skulen i byen. Så vi jobbar mykje med barn og ungdom. Kjekt!

Eg trives svært godt i lag med mine to teamvenninner, Malene og Beate. Vi har mykje moro i lag, til tross for at vi lever oppi kvarandre 24 timar i døgnet, Er litt spesielt å leve slik, men det går bra!

sjekk ut www.gus.no -> STK -> rapporter

 

 

01/11/2007

sjekk ut malene sin blogg

http://wwwmalenehoas.blogspot.com/

sjekk ut mi kjære teamvenninne sin oppdaterte blogg (iallefall meir oppdatert enn min:)

Endeleg oppdatering frå Aserbajdsjan!!

Hjelpe meg! No har eg vore i Aserbajdsjan i over to månader og dette er første blogginnlegget mitt! No har eg nemleg endeleg fått mi eiga datamaskin her til lands, så no kan eg sitte heime i stova og surfe på nettet. Fantastisk. For dei som måtte lese dette så kan eg opplyse om at eg for tida har det svært bra her i ildens rike. Trives med arbeidet og trives saman med Beste og Malene. They make my day:) Skal komme sterkare tilbake med bilder og historiar frå dette spennande landet i kaukasus...See you!

All the posts