« insomnia | HomePage | Salam! Nætersiniz? »
01/31/2007
oppdagelsesferd i Kaukasus
I helga var eg, Malene og Magnus på tur til Sheki og omegn (nord i Aserbajdsjan). Det var ein artig tur! Vi vart stoppa av politiet i Balakan, då Magnus kjørte feil veg i ei einvegskjørt gate, vi vart bedt inn på te hjå nokre lokale folk (utan å skjønne særleg mykje av det dei sa..), og fekk sjå ei kykje frå år 79. e kr. og mykje anna...
Her er eit bilete av meg og Malene som balanserer på murane av ein borg frå 1700 talet. "Gelersen Göräsen" (kom og sjå!) heiter byggverket som ligg oppe i ei fjellskråning utanfor landsbyen Kis. Fienden vart forresten skremd, og kom aldri... Heilt ufattelg korleis dei har klart å bygge noko slikt oppi der! Det var jammen bratt! Fabelaktig utsikt. Og på andre sida av fjella ligg Russland (Dagestan). Vi vart stoppa av militæret på veg opp, måtte vise pass og greier for å komme vidare. Sannsynlegvis var dei så strenge fordi vi var så nær grensa...
22:09 Permalink | Comments (0) | Email this


The comments are closed.