« sjekk ut malene sin blogg | HomePage | oppdagelsesferd i Kaukasus »

01/31/2007

insomnia

det er 1. februar. klokka er 0.15 aserbajdsjansk tid. Eg får ikkje sove. har ikkje sove skikkelig på mange dagar. Difor tenkte eg eg kunne gjere alvor av truslane om å oppdatere bolggen min. som eg reknar med ingen levande sjel les...)

No har eg altså vore i aserbajdsjan i heile tre månader. Det er jammen rart korleis tida flyg avgarde. Merkar det skal bli godt å komme heim att til Noreg, men eg trives godt her. Livet går sin gang kvar enn ein befinn seg i verda har eg funne ut.

Kvardagen her nede består hovudsakleg i å jobbe på ein barneheim med ungar frå 0 til 4 år. Vi byrjar sånn ca klokka 9 kvar dag, og er der til ca 12.30. Vi leikar med ungane, har dei på fanget og gir dei omsorg og kjærleik. Det kan vere litt tungt å vere der, men samtidig gir det så utruleg mykje å sjå at ungane veks og utviklar seg.

medium_Aserbajdsjan_okt_-des_Hilde_Marie_133.jpgI jula hadde vi utdeling av gåver, mellom anna "karius og baktus" - bøker frå Noreg (oversett til aserbajdsjansk). Alle dei største ungane fekk kvar si bok, noko dei sette svært stor pris på.

 

 

 

I tilegg til å jobbe på barneheimen, er vi med i engeslkundervisninga på eit yrkesoplæringssenter for ungdom frå fattige familiar, vi har ein engelskklubb kvar onsdag og hjelper til i nokre gymtimar på den internasjonale skulen i byen. Så vi jobbar mykje med barn og ungdom. Kjekt!

Eg trives svært godt i lag med mine to teamvenninner, Malene og Beate. Vi har mykje moro i lag, til tross for at vi lever oppi kvarandre 24 timar i døgnet, Er litt spesielt å leve slik, men det går bra!

sjekk ut www.gus.no -> STK -> rapporter

 

 

Comments

Bare for å si at det ihvertfall er en levende sjel inne på sida di :) Abonnerer på den, så da ser jeg når det kommer noe nytt :)

Posted by: Alette | 02/01/2007

No har eg og ho mor endeleg klart,å komma oss innpå denne bloggen din.. -du veit me e ikkje so veldig tekniske tå oss,nåken...;) Ja,ja Da e jo kjekt,å sjå litt tå korleis da e å vera der borte og korleis du og dei hine:),har da! Deke e Flinke!:-) Hada BRA!! Go`e tankar te deg:-) -frå meg og mammo... (Ska sikkert helsa frå dei 2 andre òg!:))

Posted by: To nære slektningar..(s&m) | 02/04/2007

skal sei! eg e imponert....

Posted by: Hilde Marie | 02/07/2007

Jeg er også her!

Posted by: Grete Alice | 02/12/2007

The comments are closed.