09/27/2006
Aserbajdsjan om 29 dagar!
Her i Hurdal går det veldig bra. Akkurat no regnar det ute, men det har vore ein uvanleg flott haust. Veldig varmt og fint vær. (teikn på global oppvarming…) Liker meg godt her på austlandet, til tross for massive mengder med granskog… GUS ligg midt inne i skogen. Det er skog og atter skog så langt auget rekk nesten. Heldigvis er det eit stort vatn rett i nærleiken (Hurdalsjøen), så ein ikkje kjenner seg heilt innelukka. Det har skjedd veldig masse i løpet av dei få vekene eg har vore her. Utruleg kor tida går. På ein måte kjennes det som eg har vore her veldig lenge, samstundes ikkje. Eg føler eg har blitt ganske godt kjend med dei i klassen, spesielt dei eg bur på hus med og dei to jentene eg er på team med; Beate og Malene. Vi tre kjem nok til å bli veldig godt kjend med kvarandre etterkvart, med tanke på at vi skal bu og leve i lag i 4,5 månader. Heldigvis går vi veldig godt i lag. Vi er ulike på mange områder, men vi utfyller kvarandre bra. Beate er den kreative og energiske, Malene har kontroll og er alltid positiv, og eg er den distré tenkaren… Og saman er vi dreamteamJ
No er det berre 29 dagar til vi reiser til Aserbajdsjan! (ordet Aserbajdsjan er jammen ikkje lett å stave rett. Ein litt ulogisk j inni der, men no har eg endeleg lært det.) Eg får skikkelig sug i magen når eg tenker på utreisa. Det er ikkje lenge til! Vi har haustferie i veke 41, då må eg finne fram alt eg skal ha med meg til ”Ildens rike” (som landet blir kalla pga olje som piplar opp frå bakken og brenn med evige flammar…).Eg må ha med Sovepose, ullundertøy i lange baner, svarte bukser, tjukk jakke og meir til! Utfordrande å pakke praktisk og berre det mest nødvendige. Kan berre ha med 23 kg. Kleskoden i det eks – kommunistiske Asrbajdsjan er litt dyster. Mørke bukser, helst svarte ”dressbukser” som ikkje er for tettsitjande, mørk jakke/kåpe som går nedanfor rumpa (unngå blikk..). Men heldigvis har moten utvikla seg litt i det siste, så no kan ein gå med litt fargerike klede om vinteren også. Høyrte frå dei som var der i fjor at rosa gensrar med knappar var populært… Og så har dei utruleg flotte sjal der! Det blir nok julegåvehiten i år, tenker eg.
I Aserbajdsjan skal vi bu og arbeide i Ganja, som er den nest største byen i landet. Der skal vi jobbe hovudsakleg på ein barneheim for ungar i alderen 0- 3 år. I tillegg skal vi vere med å undervise i engelsk på kveldstid, og kanskje få andre oppgåver. Vi skal også reise ein del i landet, bl.a til Baku (hovudstaden) og Sheki (ein annan by). Aserbajdsjan er offisielt eit muslimsk land, og det er ikkje tillete å drive kristen misjon i landet. Difor er Normisjon tilstades under navnet NHE (Norwegian Humaniterian Enterprise). I mailar og brev som vi sender, må vi passe på å ikkje bruke ord som Gud, Jesus, kristen, kirke osv. Alt blir nemleg lest og overvaka. Myndighetene held nøye auge med oss. Det tyder ikkje at det er farleg å opphalde seg i landet og å vere kristen / utlending. Det er verre for dei nasjonale som er kristne / blir kristne i eit (kulturelt) muslimsk land. (Aserbajdsjanske muslimar er ikkje spesielt religiøse, men det er ein del av deira nasjonale identitet å vere muslim, difor er det vanskelig å bli kristen. I tillegg er det ei uløyst konflikt mellom Aserbajdsjan og Armenia, som er eit kristent land. Det er altså politikk med i spelet). Landet er også ekstremt korrupt. Dette tyder ma at det kan vere vanskeleg å ta ei utdanning utan at ein må betale for å få eksamenspapira sine osv. Det kan fort bli dyrt dersom ein t.d. skal utdanne seg til lege og må betale professorane sine heile tida for i det heile teke få lov til å ta eksamen. Dei låge lønningane gjer det ofte naudsynt å drive slik illegal praksis. Ein sikkelig vond sirkel. Heldigvis er misjonærane i NHE klare på at dei ikkje støttar opp om korrupsjon, og nektar å betale korrupsjonspengar. Ting kan ta litt lenger tid på den måten, men det er verd det.
Ein ting som er veldig spanande er at landet faktisk var eit av dei første kristne landa i verda! Det er ei kirke i byen Kis som er datert til år 79 e.kr! Det er ganske fascinerande å tenke på at landet eigentleg har ei kristen historie, som dessverre nesten har gått heilt tapt. Håpet er at landet og folket igjen skal få tilbake sin kristne identitet.
20:50 Permalink | Comments (3) | Email this


Comments
Spennende!! Gleder meg med deg! Det er så utrolig bra at Normisjon er klar på å ikke støtte korrupsjonen. Det bygger landet! (Om enn så sakte)..
Gleder meg til å høre hvordan det går videre, spesielt når dere har kommet dere sørover :)
Klem Alette.
Posted by: Alette | 09/28/2006
Hei!
Så plutselig at du hadde blogg i brukerprofilen din på KFU-forumet.
Det høres spennende ut å dra til Aserbajdsjan, håper du får en fin tur dit. :)
Skal stikke nesen innom bloggen av og til og holde et øye med hva du driver på med!
Posted by: Elin | 09/29/2006
Koselig å høre frå dykk:) Skal prøve å vere litt flink og oppdatere innimellom!
Posted by: Hilde Marie | 09/29/2006
The comments are closed.