08/12/2006
Endring i planane
Fekk telefon i går frå Gå Ut Senteret. Det blir ikkje team i Bangladesh i år... Dette skuldast ei viss sak som har vore oppe i media i sommar, som eg ikkje vil gå nærare inn på. (Vårt Land har dekt saka godt nok.) Sidan vi ikkje kan reise til Bangladesh, har dei funne ut at det beste er å flytte heile teamet til Aserbadjan istaden. Så no skal eg altså til Aserbadjan. Hadde i grunnen innstilt meg på Bangladesh, men eg trur det skal gå greit. Måtte leite det fram på kartet for å finne ut kvar i verda Asebadjan ligg. Hadde ei viss aning, så eg fann det fort. Landet ligg ved det kaspiske hav og grensar mellom anna til Iran og Russland. Der skal vi jobbe på ein barneheim og undervise i engelsk og data. Det kan jo by på visse utfordringar... jaja. Gler meg til eit år fyllt av utfordringar!
16:53 Permalink | Comments (1) | Email this


Comments
du klarar deg nok bra uansett skal du sjå!!!! Men fyrst skal du bu nokre månadar i Hurdal, som er i underkant av 2 timar frå Gjøvik. YIPPIE !!!!!
klem
Posted by: irene | 08/13/2006
The comments are closed.