08/01/2006

Kva er eigentleg poenget?

Ja, kva er eigentleg poenget med å ha denne sida? Det lurer eg litt på, ettersom eg så sjeldan skriv noko her. Men eg har vald å halde den live ei stund til. Så får vi sjå kva som skjer. Kanskje eg plutselig får ånden over meg og blir ein superbloggar. - Noko eg tvilar på kjem til å skje med det første. Det er liksom ikkje så mykje å fortelje om...

Eg klarer ikkje seie det eg vil seie, viss eg i det heile teke vil seie noko som helst då. Eg berre sit og stirar i lufta. Stenger meg ute, kan ikkje komme inn. Ser på dette vesenet i spegelen og geipar. Kan ikkje tvinge fram eit lite smil heller. Det passar ikkje inn. Lyn ilar opp gjennom nakken, oppover mot panna. Magen er ikkje der den skal vere, fingrane er slappe. Håret står som ei svart sky kring andletet.

The comments are closed.