« 2006-05 | HomePage | 2006-07 »

06/21/2006

Paris snart:)

 

No er det ferie og ingenting skjer. Kva skjer liksom? Ingenting skjer. Det er ingenting som skjer. Ingenting har skjedd. Ingenting kjem til å skje. Det er ingenting som kan skje… Eller kva? Jo! Snart skal eg og Ragnhild entre den store verdsbyen i Europa. I Paris kan ALT skje. O store Paris, here we come!

06/15/2006

ufullendt

ein dag når eg har veldig god tid og overskudd, skal eg skrive ein skikkelig post med litt meir substans enn dette. trur egentlig ikkje det er så mange som er så interessert i det som står her, men det får så vere. har vore på biblioteket i dag og lånt ein del bøker eg skal kose meg med i ferien. traff dessverre ikkje drømmemannen bak ei bokhylle i dag heller. det er det som er draumen, veit du. dumpe borti ein litt bleik fyr med auga retta i ei bok, utan å ense verda omkring. vi kolliderer, eg mister alle bøkene mine fordi han ikkje såg meg, så ser han meg der eg står og plukkar opp mellom bøkene, og blir dradd ut av boka si. kanskje ikkje. men uansett så var han ikkje på bergen offentlege bibliotek i dag.  

06/14/2006

ein fin dag

i dag har eg hatt ein fin dag. her er nokre av grunnane til at eg har hatt ein fin dag: Eg er ferdig med eksamen og har berre nokre få dagar att å jobbe her i bergen. verda er full av fine folk. venner er fantastisk gode å ha. det gjekk strålande bra på eksamen til ein venn av meg, som trudde det hadde gått dårlig. dei fem timane på jobben gjekk fort og vi fekk sjokolade. så i dag har vore ein fin dag.

All the posts