06/15/2006

ufullendt

ein dag når eg har veldig god tid og overskudd, skal eg skrive ein skikkelig post med litt meir substans enn dette. trur egentlig ikkje det er så mange som er så interessert i det som står her, men det får så vere. har vore på biblioteket i dag og lånt ein del bøker eg skal kose meg med i ferien. traff dessverre ikkje drømmemannen bak ei bokhylle i dag heller. det er det som er draumen, veit du. dumpe borti ein litt bleik fyr med auga retta i ei bok, utan å ense verda omkring. vi kolliderer, eg mister alle bøkene mine fordi han ikkje såg meg, så ser han meg der eg står og plukkar opp mellom bøkene, og blir dradd ut av boka si. kanskje ikkje. men uansett så var han ikkje på bergen offentlege bibliotek i dag.  

Comments

kvifor ein bleik gutt, Hilde Marie???

Posted by: irene | 06/17/2006

han treng ikkje vere bleik. berre tenkte han var bleik sidan han var på eit bibliotek og las bøker, istaden for å vere ute i solskinnet...

Posted by: Hilde Marie | 06/17/2006

han kan jo låne med seg bøkene og lese dei ute!!! Synes du burde ta høgtlesing for han, eg ;) og mate han med grøne druer ;)

Posted by: irene | 06/17/2006

The comments are closed.