05/09/2006
?
Nothings gonna change my world?
Nei, eg vil at noko skal snu opp ned! Til det positive vel å merke.
Across the universe.
23:00 Permalink | Comments (1) | Email this
05/08/2006
Sommar!
Det er faktisk sommar ute! Sola strålar, gradestokken viser over 20 grader celsius, trea er grøne av nysprungent bladverk og fuglane kvitrar. Fantastisk deilig. Samtidig er det ein smule kjedelig at godveret kjem no i mai medan vi stakkars studentar må sitte inne på lesesalen med nasa godt planta i dei mistrøstige pensumbøkene. Men det er jo tross alt betre med sol og sommar no, heller enn aldri, med tanke på alt regnet vi veit kjem til å komme i løpet av ein gjennomsnittleg vestlandssommar. Vi får nyte det medan vi kan:) I dag tok eg ein velfortent pause frå matteoppgåvene og gjekk ned på 7 eleven på allèhjørnet og kjøpte meg deilig youghurtis! Nam nam...
20:33 Permalink | Comments (3) | Email this
05/04/2006
Vår!
Eg ber om at alle som les dette, skriv ein kommentar der dei nevner minst ein ting dei tenker på i samband med våren. Det kan vere kva som helst.
13:54 Permalink | Comments (3) | Email this

