05/08/2006

Sommar!

Det er faktisk sommar ute! Sola strålar, gradestokken viser over 20 grader celsius, trea er grøne av nysprungent bladverk og fuglane kvitrar. Fantastisk deilig. Samtidig er det ein smule kjedelig at godveret kjem no i mai medan vi stakkars studentar må sitte inne på lesesalen med nasa godt planta i dei mistrøstige pensumbøkene. Men det er jo tross alt betre med sol og sommar no, heller enn aldri,  med tanke på alt regnet vi veit kjem til å komme i løpet av ein gjennomsnittleg vestlandssommar. Vi får nyte det medan vi kan:) I dag tok eg ein velfortent pause frå matteoppgåvene og gjekk ned på 7 eleven på allèhjørnet og kjøpte meg deilig youghurtis! Nam nam...

Comments

ja typisk at det skal vere så fint ver no, og så blir det dårleg når vi faktisk er ferdig med eksamenslesinga!
men det går jo alltids ann å lese ute også ;)
har nettopp sitte i slottsparken og lest, og prøvd å stenge ut alle folka som pratar rundt forbi. går greitt det ;)

korleis går det med deg Hilde Marie? Savner deg!!!!

Posted by: irene | 05/09/2006

Hilde Marie begår straffbare handlingar og har ingen sperrer lenger...

Posted by: HM | 05/09/2006

ja ja. men eg skal ikkje angi deg. kryss paa halsen og ti kniver i hjertet!

Posted by: r | 05/11/2006

The comments are closed.