04/29/2006

Tett ved sida mi går Jesus

Barnesangane frå søndagsskulen dukkar stadig opp i minnet for tida. Dei har lenge vore gøymt, men ikkje heilt gløymt. Det er noko med det at eg framleis liten og treng å halde handa til store, sterke Jesus... Når ting blir for komplisert, er det godt å komme tilbake til den enkle bodskapen i barnesongane.

 

Tett ved sida mi går Jesus,
alltid vil han vera der.
Eg treng ikkje og
ottast
når eg fylgjer Jesus her.

Han på vegen vil meg vakta
eg ikkje går meg vill,
kor godt det er for barnet
å få høyra Jesus til.

Han som er den gode hyrding,
Tek mi vesle, veike hand.
Dag for dag han trufast leier
Meg til himlens lyse land.

Tett ved sida mi går Jesus,
Å, kor eg er sæl og fri
Som kan jubla ut i lovsang:
Eg er hans til evig tid
!

 

04/25/2006

I dag har eg:

 

  • Utfordra skjebnen: sykla ny veg til universitet (ned frå fjellveien) med sykkel praktisk tala utan bremser
  • Levert inn plan for prosjektarbeid i organisk kjemi: vi skal finne innhald i kaffein i ulike produkt og lage derivat av kaffein. Og eg som ikkje toler kaffi ein gong.
  • Fått ein fyr til å fikse sykkelen min, kosta meg 50 kroner, men var verd det. Er evneveik på det området sjølv.
  • Sett tomt i matteboka mi og teikna eit spørsmålsteikn.
  • Gått inn og ut av lesesalen og mest sannsynleg irritert dei som sat rundt meg.
  • Kjøpt nye sko:) Raude & fine:)
  • Vore på jobb i fem timar og spurt om daglegvarebutikkar og drukke massevis av gratis sjokolade. (dei har sånn fancy kaffemaskin... Det store plusset ved jobben.)
  • Snart lagt meg

 

04/24/2006

Bøkene mine

Dette er ei utfordring eg fekk frå Alette.

Hvor mange bøker eier du?

Talde bøkene på hybelen min og kom fram til at det stod 60 bøker der med stort og smått av pensum, romanar, ordbøker, bibelutgåver og anna litteratur. I tillegg har eg nokre bøker heime.

 

Hvilken bok var den siste du kjøpte?

Den siste boka eg kjøpte... Det må vere "Odel" av Anne Karine Elstad. Kjøpte den fordi eg måtte ha noko å lese på flyplassen/flyet då eg skulle besøke Irene i Oslo for nokre veker sidan. Må seie at det ikkje er den beste boka eg har lese, men heller ikkje den verste.

Nevn 5 bøker som betyr mye for deg, og som du har lest mer enn 3 ganger.

  • "Is - slottet" av Tarjei Vesaas. Eg har lese denne boka minst tre gongar (særemne på vidaregåande).
  • "Victoria" av Knut Hamsun. Trur eg har lese den to og ein halv gong. Kjærleik... Akk
  • "Naiv. Super" av Erlend Loe. Lettlest og naivt supert!
  • "En helt overkommelig bibel" av Knut Tveitereid. Overkommelig for unge folk. Kjøpte den på Oase for mange år sidan.
  • "Mika Fjellbonde" av ? Barnebok pappa brukte å lese for meg då eg var liten.

 

04/20/2006

hei igjen

No er det ikkje påskeferie lenger. Og det merkast. Før og etter påske er eit skilje, på meir enn ein måte. Dersom ein ser på det frå ein student sitt perspektiv, tyder det at alvoret snart tek til. No må eg berre lære meg matte og alt det andre eg skal kunne når den raude eksamens dagen dukkar opp på kalendaren. Angst.

Men det er jo fint at våren har komt! Blir så glad når sola skin og varmar min bleike vinterhud. Og om nokre månader er det sommarferie. Då skal eg og Ragnhild til Paris:) Gleder meg.

No sit eg og lurer på om eg skal gå heim, om eg skal studere litt til eller om eg skal gå på det overfylte treningssenteret og bli svett. Hmmm. Burde trene. Påskeferien stod i latskapens teikn, ikkje mykje tur på fjellet på meg. Nei. Men kanskje eg heller skal gå og kjøpe nye sko... Sånne fine fargerike. For å lyse opp mitt dystre ytre. Eller kanskje skal eg vente litt med det. Men no må eg få meg ut herfrå!


04/15/2006

Påske

God påske alle saman!

Her kjem nokre påskeord. Kjem du på fleire?

Påskeferie

Påskekylling

Påskenøtter

Påskekrim

Påskelam

Påskeegg

Påsketur

Påskehare

Påsketradisjonar

Påskefeiring

Påskepynt

Påskesalmar

Påskemorgon

Påskedag

 

All the posts