04/29/2006
Tett ved sida mi går Jesus
Barnesangane frå søndagsskulen dukkar stadig opp i minnet for tida. Dei har lenge vore gøymt, men ikkje heilt gløymt. Det er noko med det at eg framleis liten og treng å halde handa til store, sterke Jesus... Når ting blir for komplisert, er det godt å komme tilbake til den enkle bodskapen i barnesongane.
Tett ved sida mi går Jesus,
alltid vil han vera der.
Eg treng ikkje gå og ottast
når eg fylgjer Jesus her.
Han på vegen vil meg vakta
eg ikkje går meg vill,
kor godt det er for barnet
å få høyra Jesus til.
Han som er den gode hyrding,
Tek mi vesle, veike hand.
Dag for dag han trufast leier
Meg til himlens lyse land.
Tett ved sida mi går Jesus,
Å, kor eg er sæl og fri
Som kan jubla ut i lovsang:
Eg er hans til evig tid!
16:25 Permalink | Comments (0) | Email this


The comments are closed.