04/20/2006

hei igjen

No er det ikkje påskeferie lenger. Og det merkast. Før og etter påske er eit skilje, på meir enn ein måte. Dersom ein ser på det frå ein student sitt perspektiv, tyder det at alvoret snart tek til. No må eg berre lære meg matte og alt det andre eg skal kunne når den raude eksamens dagen dukkar opp på kalendaren. Angst.

Men det er jo fint at våren har komt! Blir så glad når sola skin og varmar min bleike vinterhud. Og om nokre månader er det sommarferie. Då skal eg og Ragnhild til Paris:) Gleder meg.

No sit eg og lurer på om eg skal gå heim, om eg skal studere litt til eller om eg skal gå på det overfylte treningssenteret og bli svett. Hmmm. Burde trene. Påskeferien stod i latskapens teikn, ikkje mykje tur på fjellet på meg. Nei. Men kanskje eg heller skal gå og kjøpe nye sko... Sånne fine fargerike. For å lyse opp mitt dystre ytre. Eller kanskje skal eg vente litt med det. Men no må eg få meg ut herfrå!


Comments

valgets kvaler må eg seie!

Du klarar deg nok så bra på eksamen, du! Det gjer du alltid :)

glad i deg!

klem irene

Posted by: irene | 04/21/2006

sitting on a bench in paris france.. det blir så bra! og eg stemmer for dei rosa skoa med mønster!

Posted by: ragnhild at the airport | 04/22/2006

Fekk internett til å funke! Joho! Eg gjekk på treningssenteret den dagen. Puh.. Merkar eg er i dårleg form... No skal eg liksom lese. Glad i deke!

Posted by: Hilde Marie | 04/23/2006

The comments are closed.