03/27/2006

sitat

Den som bare forstår seg på kjemi, forstår seg ikke engang på det.

(Georg Christph Lichtenberg) 

03/23/2006

(utan tittel)

orda strekk ikkje til
så mykje eg ikkje forstår
men kvart eit sukk når fram
håpet
ljoset
det skjulte høyrer Herren til

03/09/2006

"hilde needs"

... Hilde needs to be tarred, feathered, wrapped in cardboard, and covered in hay..and shipped off to Paris so we never have to see her anymore.

... "Is there something Hilde needs?" "Yes." He reached over the counter for the woman's hand. "What we all need. Fresh air. A few moments of freedom.

...Hilde needs someone...

...Hilde needs someone...who really appreciates her

...Hilde needs a sport bra

...Hilde needs to finish uni work.

..."Hilde needs medical assistance."

...Hilde needs his e-mail adress!!!

...Hilde needs to know the truth…

...Hilde needs her sleep.

...Hilde needs to realize that there are other colors on the color wheel ...

...All Hilde needs now is a loving and caring home to spend the rest of her life!!

...And now my Hilde's needs are met.

(Det var Ragnhild sin ide å google på navnet sitt + needs. Dette var eit lite utdrag av søke resulata på "hilde needs".)


PS
Hilde trenger snart litt søvn etter en lang og gild natt i Reykjavik.

Hilde trenger hjelp, vi må fordele ansvar.

Hilde trenger en ferie, men hun kommer tilbake om et par uker.

Hilde trenger mange hester å massere i Stavanger-Flekkefjord.

03/07/2006

tidleg ferdig på laben:)

Så no er det berre å bli fort ferdig med journalen... Og håpe at lesesalen er varm og god.

03/04/2006

Kort novelle eg skreiv for mange år sidan...

Oppdraget

Snart tek klokkene til å ringje. Det er søndag. Frå vindauget ser han ei ung kvinne. Andletet hennar glødar. Stega er lette og trippande. Ho kjem no. Det er ikkje for seint. Alt er klart.

Bak gardina er det mørkt. Eit stearinlys blafrar einsamt. Vindauget er visst ikkje teken godt nok att. Uformelege skuggar dansar i rommet, over dei lafta veggane med dei gamle fotografia, pent innramma. Auger som ser, menneske som har levd.

No er det hans tur. Ventetida er snart omme. Han har førebudd seg godt. Alt er nøye planlagd. Ingenting må gå gale. Det kan ikkje feile. – Alt skal gjerast etter boka. Han kan ikkje svikte dei gamle. Det er for stort til det.
Golvplankane knirkar. Huset er gamalt. Det kviskrar i veggane. Han går ein runde i rommet, ser opp mot dei stirrande augene. Det stikk i han. Det er tolv par. Det trettande gjenstår.

På bordet har han lagt fram alt det han treng for å utføre oppdraget. Den vesle, men mektige metallgjenstanden glimrar i det gule lyset. Ved sida ligg den store, tunge boka innbunde i brunt lammeskinn. Boka, som inneheld krafta til all visdom, skal rettleia han. Hjartet bankar kraftig. Han går gjennom det heile ein siste gong. Filmen rullar sakte i hovudet. Kvar minste detalj må sitje som eit skot. Han lyftar blikket – høgt over bileta denne gongen.
Utanfor kjem skritta stadig nærare. Det er klart. Sveitten piplar frå panna. Det er for seint å snu no. Han kan ikkje gå attende på det han har sett seg føre. Det må skje no. Han blar opp i den store boka. – orda gjev styrke og mot.

Brått går døra opp. Ho kjem inn. Solstrålane siv inn gjennom døropninga. Den kvite duken lyser i mot han, tida er komen. I same augneblink ringjer klokkene. Han faldar hendene. Lukker augene før blikket treff henne. Ho smiler.
”Har du venta lenge?”
”Ja,” seier han, og ser på ringen.

03/03/2006

laster


 kvifor valde eg ikkje transisjonsmetalla sin kjemi?

All the posts