01/23/2006

Paper Jam

Er det ikkje typisk? Kvar gong du skal ha ei viktig utskrift, bestemmer den dumme skrivaren seg for å krølle saman arka som ligg inni. Den bestemmer seg rett og slett for å vere litt slem. Dusteting.

Ei anna kjelde til irritasjon, er folk som aldri greier å hente utskriftene sine, berre let dei ligge der. Som om ein har daua i frå dei. Av ein eller annan merkeleg grunn er det som oftast biologiutskrifter som ligg og sleng på faklaben (les: datasalen). Kva er det med desse biologane? Har dei ikkje forstått samanhengen mellom sløsing med papir, avskoging og øydelegging økosystem? På slike uavhenta stensilar kan ein til dømes lese:

"Nakketann dannes hos unge stadier av vannloppen daphnia pulex, dersom vannloppen oppfatter kjemiske signaler fra predatoren Chaborus (svevemygg). "

 Hallo???

Comments

Hihi....Ja, e ikkje det greit å vita da?
Nakketenner kan væra bra å ha det.

Men eg e enige med deg. Folk må henta utskriftene sine! Ka med ein demonstrasjon i kantinå?

biologen.

Posted by: Grete Alice | 01/24/2006

Bra forslag. Ein kunne òg hatt eit lite haldningskurs.

For studentar: Korleis spare på antal utskrifter? -slik får du fleire slides på èi side (ikkje naudsynt å okkupere skrivaren i to timar og forbruke litervis med blekk og kilovis med papir på å trykke ut ein heil powerpoint presentasjon med masse dilldall.) Og sjølvsagt: hent utskriftene dine!

For førelesarar: korleis lage enkle og greie forelesningsnotatar, utan masse fargar & dilldall. Det enkle er ofte det beste.

Posted by: Hilde Marie | 01/24/2006

u go, girl!!

Posted by: irene | 01/25/2006

The comments are closed.