01/18/2006
Hei, mitt navn er (...)
..., og eg ringer frå Norstat. For tida har vi ei undersøking om norske daglegvarekjeder. I den forbindelse vil eg gjerne snakke med den yngste mannen i husstanden som er 15 år eller eldre.
slik kan til dømes ei innleiing i min nye jobb høres ut. Sjølvsagt ikkje alle som blir likeglad når eg ringer, men då er det berre å beklage forstyrrelsen i ein høfleg tone. Og så er det jo heldigvis nokon som vil snakke med meg, og då er det å fyre laus med meir eller mindre interessantre spørsmål om til dømes kva du synes om utvalget av frukt og grønnsaker i ulike butikkar, om dei synes ICA burde oppfordre sine ansatte til å mosjonere meir, eller om kor fornøgd dei er med informasjonen om sunne matvarer (på ein skala frå 1-5) i ulike butikkjeder. Og alle er glade når bakgrunnsspørsmåla kjem, og eg får spørre om sivilstanden deira, og dei veit at snart seier eg takk for at du tok deg tid til å svare på spørsmåla, og ha ein fortsatt fin kveld!
23:40 Permalink | Comments (5) | Email this


Comments
høyres ut som ein interessant jobb det der da! men ikkje ring 57853110, for pappa er IKKJE glad i å snakke med telefonselgarar!!! (kanskje du ikkje får lyst til å vere høflig ein gong ;))
Posted by: irene | 01/19/2006
Eg er då slett ingen telefonselgjar! Sel absolutt ingenting, berre spør om rare ting...
Posted by: Hilde Marie | 01/19/2006
telefonseljar eller spørreundersøking...d same d! (i allefall for han). savner deg, Hilde Marie! klem
Posted by: irene | 01/19/2006
Jeg syntes sånne undersøkelser er gøyale, spesielt den gangen jeg skulle svare på masse spm om reklame: På det tidspunktet hadde jeg så og si ikke sett TV på et år, så jeg kjente ikke igjen stort av de reklamene personen henviste til. Jeg følte meg stolt av å dra ned statistikken:D
Stå på HM!
Posted by: Alette | 01/21/2006
Så bra innstilling;) Det varmar inn i hjarterota å møte slike folk på telefonen.
Posted by: Hilde Marie | 01/21/2006
The comments are closed.