12/27/2005

Wergeland, Kant og Birkeland

I kveld når ljoset av myriandar av endelaust fjerne soler fram til vår vesle jord. Og partiklar frå sola blir slyngd inn i atmosfæren og lagar eit dansande fargespel på det mørke lerretet. Grøne band flyt mellom dei blenkjande ljosa langt der ute.

Og her nede står vi, små menneskebarn, her nede på denne vesle planeten. Og vi lyfter augo. I undring. Over dette mektige skaparverket, som er så stort at vi ikkje klarar fange det. Likevel viser Meisteren oss inn i nokre av sine løyndommar. Om enn berre stykkevis og delt.  

Comments

hellu darling!
så skjønt bilete du har fått inn på sida :)
eg har plaster på fingeren no, så det er vanskeleg å bruke den såkalla "touchmetoden"...då eg skulle skjære brød i dag var det ikkje berre brødet som delte seg for å seie det sånn :/

siste dag heime på totland. i morgon er det fyrst time hjå tannlækjaren, og så skal eg ta nordfjordekspressen heim til oslo. kan sitje å undre meg der, og kike på himmelen gjennom takluka :)

klem frå ho med 9 1/2 fingrar

Posted by: irene | 12/28/2005

Huff då! Kutta av deg fingeren? Høyrtes ikkje særleg godt ut...

Himmelen er berre heilt nydeleg for tida...

Posted by: Hilde Marie | 12/28/2005

Vel, reknar med at ikkje heile fingeren er av;)

Posted by: Hilde Marie | 12/28/2005

god kveld!
sitte med vått hår oppe i krussedullar på toppen. alt i håp om å få litt volum i morgon. lenge leve Eli Hagen seie berre eg :) Vaska håret fyrst, og då svei det i fingeren :( væææææ!!! Hehe,neida. Eg skal ikkje vere så klageskit. Skal ikkje tjuvstarte på hypokonderiet, for det kjem vel kraftig nok når vi byrjar på sjukdomslære til våren.

Er litt gira no, for eg har funne ut at eg skal gå forfattarskule i Bø i Telemark etter sjukepleien. Det er nesten så eg får lyst til å søke allereie!!!! Men det spørs om eg kjem til å kome gjennom nålauget :/....

I morgon reiser eg heimover til Oslo. Håpar du har det bra heime i Nord-Hordaland!

lenge leve Hilde Marie! She's PERFECT!

lang klem

Posted by: irene | 12/28/2005

DET HEITER NORDHORDLAND! SÅ DET SÅ!

Posted by: Ragnhild | 01/02/2006

Eg trudde ei stund det heitte norhordland. (Og EG burde vite betre.) Men det er riktig som du seier. Nordhordland. Får no heller tilgi Irene...

Posted by: Hilde Marie | 01/02/2006

The comments are closed.