12/06/2005

Mamma mia!

For ein start på dagen. Stod opp tidlegare enn vanleg (kl 0800), av ein eller annan grunn, og merka at lyset på gangen var skrudd av. Tenkte at det var litt rart ettersom Ragnhild sikkert hadde tatt på lyset (og ikkje skrudd det av igjen) før ho reiste. Ho skulle nemleg ha siste eksamen idag, og måtte ta bussen nede frå hovudvegen litt før åtte. Brått slo det meg at Ragnhild sikkert hadde forsove seg. Eg banka på døra, ingen svar, eg opna og såg at der låg ho. Eg vekte henne og fekk febrilsk fram at ho måtte skunde seg å stå opp. Ikkje tid til somling, her! Eg ringte til drosje og ba intenst om at Ragnhild måtte rekke fram i tide. No var klokka kvart over åtte, og so måtte innfinne seg i eksamenslokalet seinast klokka kvart på ni. Dama på drosjesentralen sa det var ventetid på drosje i sandviksområdet og at det sikkert kom til å ta litt tid før det kom ein bil. Masa om at Ragnhild måtte skunde seg på badet og laga niste imens. Etter ca ti min var drosjen på plass, og etter litt styr med å finne lommebok, nøklar og kulepenn var ho klar til å springe ned trappa og ut til den ventande drosja.

Og heldigvis. Det gjekk bra. Ho kom fram i tide.

Comments

Ja. Var ikkje så blid på deg akkurat då, nei. Men takk likevel:)

Posted by: Ragnhild | 12/06/2005

Forresten: FLAKS for deg at drosja bare kosta 200 kr, og at eg kunne svaret på dei fleste spørsmåla.

Posted by: Ragnhild | 12/06/2005

!

Posted by: Ragnhild | 12/06/2005

KNALLGLAE I DEG, VENNEN!!!!

Posted by: irene | 12/13/2005

Godt du våkna og fikk vekt Ragnhild :) Kan bare forestille meg følelsen av å bli vekt pga forsovelse til eksamen. Tror nok jeg også hadde blitt sint.

Ragnhild: hvor lang tid tok det før du innså at du var våken? Jeg er imponert over at du klarte å svare på spørsmål i det hele tatt etter en slik morgen.

Posted by: Alette | 12/15/2005

Eg vakna vel med ein gong, og tok det heile med knusande ro, i motsetnad til Hilde Marie som stressa som ei gal mor.

:)

Posted by: Ragnhild | 12/16/2005

The comments are closed.