11/30/2005

Bilder frå praktisk eksamen

Forelesaren vår gjekk rundt og tok bilder av oss under eksamen... Ein smule irriterande, men det er jo morsomt å sjå på i ettertid. Særlig med tanke på kor dårleg det gjekk. Her ser du meg og resten av gjengen i aksjon:

11/25/2005

Silence run deep

"Still water run deep"
"Speech is silver, silence is gold"
"Run silent, run deep"

Er det sant?

11/24/2005

Djupt

Ein djup fyr såg den djupare meininga med Molekyl Orbitalteori innlegget mitt...  Viser til tidlegare post.

11/23/2005

Alfabetet

Dette konseptet er eigentleg "stelt" frå Ragnhild. Men opplysningane gjeld meg.

A: Anja Garbarek. Lagar fin musikk.

B: "Bridge over troubled water"

C: Gjennomsnittlig karakter. Speglar mine matematikkunskapar.

D: Distrè. Gløymer dei utrulegaste ting på dei utulegaste stader. Går ofte i mi eiga verd.

E: Eigentleg er eg ein elefant

F: Forstår meg ikkje på folk.

G: Girls keep secrets in the strangest ways.... Girls don't talk. We just sometimes have to say. (Epehmera)

H: Hmm...

I: Is- slottet. Særemnet mitt på vidaregåande baserte seg på denne boka av Tarjei Vesaas. Vil du ha ei tolking, kan eg gje deg mange.

J: Jesus er ein kul fyr

K: Kjemi.

L: Liten. Rager 159 cm over bakken.

M: Muntlig Dyslektikar

N: November er ein rar månad

O: Ofseleg glad i sjokolade

P: Periodesystemet opptar ein stor del av veggen min.

Q: Quis er gøy.

R: Rødmer ofte utan grunn. Plagsomt altså!

S: Sjokolade. Nam!!!

T: Trust. Ein film av regissøren Hal Hartley som er verd å sjå.

U: Ute av jamvekt

V: Vindrankar

W: When you wish upon a star.... Eg gler meg til jola

X: Ukjend variabel. Kan vere kva som helst. Eller kven som helst.

Y: I slekt med den forrige

Z: Z er ein dum bokstav 

Æ: Ærlig. Av og til.

Ø: Øl er ikkje spesielt godt. Æsj

Å: Å er ein fin bokstav. Ein A med runding over. Eg likar Å.

No more PHYS110 this semester!

I går melde eg meg av eksamen i fysikkfaget mitt... Ergo har eg ein eksamen mindre å tenke på. Angrar eg avgjerda? Nei. Men skal nok ta faget om igjen neste haust. Då blir nok alt så meget bedre.

November er forresten ein månad som berre forsvinn. Kvar vert tida av?? Eg berre undrar.  

Eg lurer også veldig på korleis eg skal få tid til julegåvehandling... Siste eksamen er den 22. desember... Synes det er litt gale.

11/19/2005

"Sleep" by Anja Garbarek

"And it is so strange
with these eyes into darkness
and it is so strange
all they want to do is sleep
and it is so strange
they want to sleep through silence
and it is so strange
cos I am wide awake

and it is so strange
how all this could be over
if you would walk in
if you put me to rest
and it is so strange
that my voice seems to´ve gone quiet
and even stranger still
that I never will be found

all I want to do
is to drift away
hush-a-bye baby
all I want to do is to go to sleep"

11/04/2005

Heima!

Akkurat no er eg heime ein tur. Tenkte rett og slett eg skulle ta meg litt fri, så reiste heim i dag klokka halv to. Har ikkje dårleig samvit for at burde jobba med skulearbeid. Igår sat eg ørten timar framfor pcen og jobba med prosjektoppgåva i kjemi. Skikkelig lei av orda hydrogen, framtid, energibærar, brenselceller, miljø, fornybare energikjelder, infrastruktur...

I kveld var eg faktisk i svømmebassenget med Solfrid. Heilt fantastisk deilig å kjenne dei stive ledda og knytta musklane bli mjuka. Skulle gjerne gått i bassenget litt oftare.

All the posts