11/04/2005
Heima!
Akkurat no er eg heime ein tur. Tenkte rett og slett eg skulle ta meg litt fri, så reiste heim i dag klokka halv to. Har ikkje dårleig samvit for at burde jobba med skulearbeid. Igår sat eg ørten timar framfor pcen og jobba med prosjektoppgåva i kjemi. Skikkelig lei av orda hydrogen, framtid, energibærar, brenselceller, miljø, fornybare energikjelder, infrastruktur...
I kveld var eg faktisk i svømmebassenget med Solfrid. Heilt fantastisk deilig å kjenne dei stive ledda og knytta musklane bli mjuka. Skulle gjerne gått i bassenget litt oftare.
23:25 Permalink | Comments (0) | Email this


The comments are closed.