09/15/2005

Molekyl Orbitalteori

Dette semesteret har eg eit fag som heiter Grunnstoffenes kjemi- en innføring i uorganisk kjemi. Vi har ei stor fin bok med bilete av det fantastisk flotte periodesystemet på framsida. Her lærer vi mykje interessant, til dømes om korleis atoma bind seg saman til molekyl. Dette er ikkje så enkelt som ein skulle tru. Kring den positive kjernen til atoma svirrar som kjend dei negativt ladde elektrona. Elektrona befinn seg i noko som heiter orbital. Kvart av atomorbitala har berre plass til to elektron, og desse må ha motsatt spinn (opp eller ned). Når to atom går saman for å danne eit molekyl, dannar atomorbitala like mange molekylorbital, nokre er bindande og andre anti- bindande. Så blir desse fylt opp med elektron, først i dei bindande, så i dei antibindande orbitalane. Det vanskelige er når energinivåa mellom desse orbitalande byrar å overlappe kvarandre, og det plutselig blir ikkje- bindande orbitalar (som er noko anna enn antibindande) og ein skal teikne fancy diagram over dette. Det blir masse strekar hit og dit på kryss og tvers. Veldig fint.

Comments

fascinerende. Du får meg jo nesten til å tro at kjemi er spennende, jo ;)

Posted by: Alette | 09/27/2005

The comments are closed.