08/30/2005

Mi venninne Alette

For nesten nøyaktig eitt år sidan, onsdag den 1. september 2004, låg det ein lapp på plassen min i auditorum 1 (der vi hadde matteforelsesningar) då eg kom inn frå pausen.  Eg vart ganske forundra då eg las kva som stod på denne lappen, skrive med raud penn på eit ark rive ut frå ei rutearkbok. "Han skal gi sine engler befalling om å bevare deg på alle dine veier," stod det. Det var salme 91.11. Kva tyda dette? Ein ukjend person x ligg ein lapp med eit bibelvers på plassen min under ei matteforelsening... Sjølv om eg ikkje heilt forstod kvifor eller kven det var som hadde skrive dette, vart eg glad. Gud såg meg der eg sat og kjende meg litt åleine i verda.  

Etter ei stund, var det ei som tok kontakt med meg i kantina på studentsensteret etter ei ex phil forelesning. Ho spurte om eg var kristen. Eg svara ja, og sånn byrja vi å prate. Ho fortalte meg om bønnemøta på realfagsbygget og inviterete meg med i cellegruppa si. Etter kvart forstod eg at det var ho som hadde skrive den mystiske lappen. Denne personen var Alette, som eg no har blitt god venn med. Og eg er utruleg takksam for at ho la den lappen på plassen min og at ho turde å ta kontakt med meg den gongen!

Alette sin versjon av historia kan lesast på www.ekkoekko.modblog.com

08/18/2005

Fadderveke....

Nye studentar i byen, folk går rundt i flokkar. Saueflokkar. Og alt er berre stress. Særlig når ein skal halde styr på alt. Gler meg til ting normaliserar seg.