08/30/2005

Mi venninne Alette

For nesten nøyaktig eitt år sidan, onsdag den 1. september 2004, låg det ein lapp på plassen min i auditorum 1 (der vi hadde matteforelsesningar) då eg kom inn frå pausen.  Eg vart ganske forundra då eg las kva som stod på denne lappen, skrive med raud penn på eit ark rive ut frå ei rutearkbok. "Han skal gi sine engler befalling om å bevare deg på alle dine veier," stod det. Det var salme 91.11. Kva tyda dette? Ein ukjend person x ligg ein lapp med eit bibelvers på plassen min under ei matteforelsening... Sjølv om eg ikkje heilt forstod kvifor eller kven det var som hadde skrive dette, vart eg glad. Gud såg meg der eg sat og kjende meg litt åleine i verda.  

Etter ei stund, var det ei som tok kontakt med meg i kantina på studentsensteret etter ei ex phil forelesning. Ho spurte om eg var kristen. Eg svara ja, og sånn byrja vi å prate. Ho fortalte meg om bønnemøta på realfagsbygget og inviterete meg med i cellegruppa si. Etter kvart forstod eg at det var ho som hadde skrive den mystiske lappen. Denne personen var Alette, som eg no har blitt god venn med. Og eg er utruleg takksam for at ho la den lappen på plassen min og at ho turde å ta kontakt med meg den gongen!

Alette sin versjon av historia kan lesast på www.ekkoekko.modblog.com

Comments

Heisann vennen!
No har eg og fått meg sånn bloggeside, så den må du besøke! Genial måte å oppdatere seg om einannans liv!

Tøft det du hadde skrive i dag. om korleis du og Alette vart kjent. Rart korleis ein vert kjent eigentleg. Er i allefall veldig glad for at eg vart kjent med deg for nokon år tilbake! Du er ei sinnsjukt god veninne, som eg set stor pris på!!!!

Her i Oslo står alt veldig bra til. Einaste er at eg har byrja å bekymre meg for eksamenen vi skal ha i anatomi om 1 1/2 mnd. SÅ mykje pensum på SÅ kort tid....stykprosenten er 40% på landsbasis...jaja, ein får prøve å vere optimistisk :)

kjempeglad i deg!!!!

Frå no av skal eg lese fast i bloggen din :) Hadde nesten gløymt at du hadde det, men kom på det då eg fekk ein sjølv :) :)

Stor klem fra irene

Posted by: irene | 08/31/2005

Dette var litt en av rysar historie. Keep it coming. Du har gud i hjertet!

Paztor koooooz!

Posted by: Paztor Koooz | 09/05/2005

Hei Paztor..!

Hvor er du Paztor egentlig? Det er noe kjent med måten du skriver på.. Minner meg om en Paztor i Grimztad som er kjent for å gå inn i de dypeste og mørkeste hull på raid. Raid for å renske opp der og skape mer rom og lys.

Er du rett mann?

Suzz

Posted by: Dr. Deilig | 09/06/2005

Jeg leser bibelen på fritiden, og så har jeg jobbet mye på lokalradioen i Fevik. Dette har gitt meg en solid bakgrunn og nå skal jeg begynne som tv paztor for Vizjon Norge. Uansett hvor jeg beveger meg, så skaper jeg mye lys og en god del varme. Håper du følger med på programmet mitt utover høsten. Du er en sann venn av Jezuuz.

Koz moz potetmoz.

Posted by: Paztor Bamze | 09/08/2005

Å Paztor Bamze!! Du er herved forbildet mitt..

Hvordan uttaler du Z´ene? Zånn som Ari Behnz zether?

Posted by: Kåre Carebear | 09/08/2005

Finnez det noen annen måte og uttale dem på da?

Posted by: Paztor Bamze | 09/09/2005

The comments are closed.