07/22/2005
SuDoku
SoDuko eller so duko. Du har sikkert fått det med deg. Dette talkryssordet som herjar i avisene om dagen, der poenget er å fylle et rutenett med tala frå 1 til 9 vassrett og loddrett i kvar rad og inni kvar 3x3 boks, utan at det same talet er brukt to gonger. Og det beste er at det ikkje er matte, berre rein logikk. Kan du tala 1-9 og brukar eliminasjonsmetoden, klarar du det heilt fint.
Til å byrje med syntes eg det heile verka noko tåpeleg, og forsto ikkje kvifor i all verda dette var så gjevande. Men eg måtte sjølvsagt teste det... Og vart heilt hekta! Utuleg kor vanedannande dette uskuldige spelet er. Det er kan vere litt av eit puslespel å få tala til å stemme, særleg når du kjem mot slutten. Plutseleg er det noko som ikkje stemmer, og du må nøste deg heilt attende til der feilen oppstod. Og du kan ikkje gje deg før det heile stemmer.
Lurer på om dette berre er eit sommarfenomen, eller om denne trenden kjem til å vare ved. Blir folk lei tal etter ei stund? Ikkje godt å vite. Iallefall er det eit fint tidsfordriv no i desse late dagane, og fint fyllstoff i avisene, som både har bretta og bakgrunnstoff om dette spelet som stammar frå Japan etter det eg har forstått. Ordet So Duko kjem frå japansk og tyder noko i retningen " tal som står åleine".
Sjekk ut:
http://www.online.no/underholdning/20052807-sudoku.html
http://aftenbladet.no/quiz/sudoku/
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1071631.ece
11:20 Permalink | Comments (2) | Email this


Comments
Jeg har da velgt å ikke prøve meg pås pillet... for jeg tør ikke risikere å bli hektet..har alt for gode vennskap å pleie. Lykke til!
Posted by: Alette | 07/24/2005
Hehe.. sikkert lurt. Snakkes:)
Posted by: Hilde Marie | 07/25/2005
The comments are closed.