06/05/2007

gamle dagbøker

Det er skrekkelig interessant å lese gamle dagbøker... Ein hugsar tinga som om det var i går. Tankane, kjenslene og hendingane som fylte dagane for lenge sidan. Eg trur rett og slett eg tenkte meir før. Eller på ein annan måte.

Quis? Quid? Ubi? Quibus? Cur? Quomondo? Quando?

"Kvart menneske er ei øy, som kjend. Så det trengs bruer. Uendelege mange slags bruer." - Tarjei Vesaas

20:45 Permalink | Comments (0) | Email this

...

Eg har gjort mange utruleg dumme / UTRULEG MANGE DUMME ting i løpet av mitt snart 22 årige liv. Likevel er det håp for meg.

eg likar ikkje å skrive. eg likar lause fragment. bits and pieces. livet er ikkje enkelt!

01:46 Permalink | Comments (0) | Email this

05/10/2007

Eg har blitt tikka (eller kva det heiter)

Eg har blitt tikka av Alette. Det betyr at eg må skrive seks merkelege ting om meg sjølv. Og tikke seks andre. Og forklare reglane. Og legge igjen ein kommentar på vedkommande sin blogg om at dei er tikka, og henvisning til reglane. Desse har eg i praksis nettopp forklart. Så, her kjem dei seks "merkelege" tinga om dette individet kalla Hilde Marie:

1) Eg lagar rare "knirke"-lydar om natta (ifølge dei som har sove på samme rom som meg)

2) Eg legg merke til kva farge fine guttar har på skoa sine.

3) Då eg var liten tvang eg lillesøstra mi til å tråkke i doskåla og vandre rundt i huset... og til å tømme ut safta på kjøkkengolvet.

4) Eg er ukyssa

5) Eg fekk 2 på ein norskstil i tredje klasse på vidaregåande, men 6 på eksamen (begge:)

6) Eg blir ofte fortalt at eg er merkelig eller rar. Ein taxisjåfør i Dubai spurte meg om eg kunne snakke.

Eg tikkar

Malene

Beate

Silje

Steinar

Karianne

Johanna N

22:32 Permalink | Comments (0) | Email this

04/05/2007

Tilbake i Noreg

No er omsider attende i Noregs rike. Har funne ut at eg bur i eit fabelaktig fint land. Er for tida heime på Radøy på påskeferie og nyt tilværet. Er ikkje så flink på å oppdatere bloggen min. Facebook er den nye tingen. Det er skummelt kor fort ein blir avhengig av slike ting. For dei som framleis lurar på kva facebook er, kan eg informere om adressa til dette "nye" fenomenet: www.facebook.com

GOD PÅSKE!!!

13:05 Permalink | Comments (1) | Email this

02/07/2007

Salam! Nætersiniz?

 

Hei! korleis har du det?

Eg har det faktisk ganske fint for tida! Her i Aserbajdsjan svingar det fort. Men i dag kom solskinnet og varma hjarta og sjel! Ting har ordna seg bra i det siste. I dag vart til og med doen fiksa! Og vi fekk løyst ein ubehagelig sak ang jobben på ein overraskande bra måte! Ting ordne seg. Betre seint enn aldri...

Ja, livet er herleg, berre ein veit å setje pris på det!

Her er eit litt artig bilete. Sjå nøye etter... Noko som ikkje stemmer?

 

medium_Malenes_bilder_006.jpg

 

 

 

 

22:58 Permalink | Comments (3) | Email this

01/31/2007

oppdagelsesferd i Kaukasus

I helga var eg, Malene og Magnus på tur til Sheki og omegn (nord i Aserbajdsjan). Det var ein artig tur! Vi vart stoppa av politiet i Balakan, då Magnus kjørte feil veg i ei einvegskjørt  gate, vi vart bedt inn på te hjå nokre lokale folk (utan å skjønne særleg mykje av det dei sa..), og fekk sjå ei kykje frå år 79. e kr. og mykje anna...

medium_PICT0081.JPGHer er eit bilete av meg og Malene som balanserer på murane av ein borg frå 1700 talet. "Gelersen Göräsen" (kom og sjå!) heiter byggverket som ligg oppe i ei fjellskråning utanfor landsbyen Kis. Fienden vart forresten skremd, og kom aldri... Heilt ufattelg korleis dei har klart å bygge noko slikt oppi der! Det var jammen bratt! Fabelaktig utsikt. Og på andre sida av fjella ligg Russland (Dagestan). Vi vart stoppa av militæret på veg opp, måtte vise pass og greier for å komme vidare. Sannsynlegvis var dei så strenge fordi vi var så nær grensa...

 

 

22:09 Permalink | Comments (0) | Email this

insomnia

det er 1. februar. klokka er 0.15 aserbajdsjansk tid. Eg får ikkje sove. har ikkje sove skikkelig på mange dagar. Difor tenkte eg eg kunne gjere alvor av truslane om å oppdatere bolggen min. som eg reknar med ingen levande sjel les...)

No har eg altså vore i aserbajdsjan i heile tre månader. Det er jammen rart korleis tida flyg avgarde. Merkar det skal bli godt å komme heim att til Noreg, men eg trives godt her. Livet går sin gang kvar enn ein befinn seg i verda har eg funne ut.

Kvardagen her nede består hovudsakleg i å jobbe på ein barneheim med ungar frå 0 til 4 år. Vi byrjar sånn ca klokka 9 kvar dag, og er der til ca 12.30. Vi leikar med ungane, har dei på fanget og gir dei omsorg og kjærleik. Det kan vere litt tungt å vere der, men samtidig gir det så utruleg mykje å sjå at ungane veks og utviklar seg.

medium_Aserbajdsjan_okt_-des_Hilde_Marie_133.jpgI jula hadde vi utdeling av gåver, mellom anna "karius og baktus" - bøker frå Noreg (oversett til aserbajdsjansk). Alle dei største ungane fekk kvar si bok, noko dei sette svært stor pris på.

 

 

 

I tilegg til å jobbe på barneheimen, er vi med i engeslkundervisninga på eit yrkesoplæringssenter for ungdom frå fattige familiar, vi har ein engelskklubb kvar onsdag og hjelper til i nokre gymtimar på den internasjonale skulen i byen. Så vi jobbar mykje med barn og ungdom. Kjekt!

Eg trives svært godt i lag med mine to teamvenninner, Malene og Beate. Vi har mykje moro i lag, til tross for at vi lever oppi kvarandre 24 timar i døgnet, Er litt spesielt å leve slik, men det går bra!

sjekk ut www.gus.no -> STK -> rapporter

 

 

21:40 Permalink | Comments (4) | Email this

01/11/2007

sjekk ut malene sin blogg

http://wwwmalenehoas.blogspot.com/

sjekk ut mi kjære teamvenninne sin oppdaterte blogg (iallefall meir oppdatert enn min:)

22:20 Permalink | Comments (0) | Email this

Endeleg oppdatering frå Aserbajdsjan!!

Hjelpe meg! No har eg vore i Aserbajdsjan i over to månader og dette er første blogginnlegget mitt! No har eg nemleg endeleg fått mi eiga datamaskin her til lands, så no kan eg sitte heime i stova og surfe på nettet. Fantastisk. For dei som måtte lese dette så kan eg opplyse om at eg for tida har det svært bra her i ildens rike. Trives med arbeidet og trives saman med Beste og Malene. They make my day:) Skal komme sterkare tilbake med bilder og historiar frå dette spennande landet i kaukasus...See you!

22:04 Permalink | Comments (0) | Email this

10/21/2006

Irene og meg i sommar:)

                                                      glad i deg Irene!medium_Bilder_fra_Irene_127.jpg

17:45 Permalink | Comments (0) | Email this